Landkrabbar frå Sogn kryssar Nordsjøen på rekordfart i seglbåten Nirvana.
Å krysse Nordsjøen i tjukk rimskodde utan sikt, gav sterke assosiasjonar til båtturane Shetlandsbussane hadde i mørke nattetimar under krigen. I fredstid og med moderne radarutstyr var det likevel ingen fare for oss i havseglaren Nirvana. Til og med regnbyene kunne vi sjå på radaren før dei nådde båten.
Krefter Kledd i gode seglarklede rekna vi oss for å vere vasstette som pingvinar, men vatn er eit imponerande medium. Sterkt, fullt av krefter, smygande, klebande, varierande og irriterande. Lenge før Arkimedes namnsette lova har menneska stolt på vatnet sine krefter, men som landkrabbe frå Sogndal ville eg ikkje legge ut på ei slik havkryssing utan enno fleire forsikringar. Nirvana er bygd i tjukk stål, forsterka med ekstra spant, 6 tonn bly i kjølen og konstruert for å tåle skruis i arktiske farvatn. Skippar Olav Giskeødegaard hadde ord på seg for å vere eit råskinn på sjøen då han opererte som sjarkfiskar på 70-talet, men med stor respekt for havvatnet sine krefter. På min jomfrutur over Bjørnefjorden opplevde eg liten storm i vindkasta utan å bli sjøsjuk, så eg var straks seglklar då tilbodet om å bli med til Shetland kom.
Tryggleik Etter tryggleiksinstruksane forstod vi alvoret. Fall nokon over bord, skulle den som såg det rope det til resten av mannskapet, men aldri sleppe den uheldige av syne eit sekund. Å snu ei seglskute i full seglføring er ikkje å slakke på farten og dreie raskt tilbake. Vermeldingane på radioen var gode og melde om rett vindretning, så vi var ivrige på å kome avstad. Men grendene utover frå Høyanger spegla seg i fjorden, skulle vi likevel få bruk for dei 600 literane med diesel vi hadde bunkra? Nettstadene som melder veret var frå dagen før. Siri Kalvig skryt i ein artikkel til regattaseglarar i Seilmagasinet, at dei kan melde veret 75 meter nøyaktig, men kva nyttar det når sidene ikkje er oppdatert?
Vi nerma oss munningen av Sognefjorden, redningsvestar eller flytedrakter vart tekne på, ulike sjøsjuketablettar konsumert, sikringslinene strekte ut langs begge rekkene og sikringslenkene lagd fram for dei som måtte gjere ulike arbeidsoppgåver på dekk. Som fersking i seglmiljøet, vart det ikkje gitt løyve til å vimse rundt å ta bilder når det var som tøffast ombord. Eg måtte pent sitje på rumpa og halde meg fast. Fekk vondt i baken, og tenkte; aldri meir stringtruse under lengre overfartar.
Full seglføring Ved Rutletangane sette vi storseglet, 20 meter til vers, og rulla ut genuaseglet i baugen. Vind frå nordaust skulle blåse oss i rett line frå Sognefjorden til Lerwick, nett som på PC-plottaren. Etterkvart vart båten meir og meir skeiv og lusa, dei korte snorene som dinglar utanpå segla, hang som vassrette slips. Kroppsspråket til skipperen fortalde at vêrvarsling er gode greier når vêrfrontane går dit dei er spådde, og i 12 – 16 knop vind segla Nirvana som ei dronning med rundt 8 knop fart.
Under motorseglasen vart 3 brød smurde som reiseniste, og varm drikke vart fylt på termosar. Venteleg ville overfarten ta eit og eit halvt døgn. Eg fekk stå til rors forbi Utvær og Småsvalene ytst i Sognefjorden. Mot havet kopla vi inn autopiloten, men måtte halde utkikk etter andre farkostar heile tida likevel.
Det store landskapsrommet Å krysse store hav har eg gjort før. Då vart tida korta med lesing og ulike måltid, - fleire tusen meter over havet. På havet i open seglbåt derimot, får du føle tid og avstand i det store landskapsrommet. Det vart ein konkurranse om skarpe blikk. Lysa frå fleire og fleire oljeriggar dukka opp i det fjerne rundt midnatt. Som små perler på ei snor låg dei i horisonten og nærma seg sakte, sakte. På VHF`en høyrde vi at ein seglbåt fekk streng ordre om å få snudd farkosten og det kvikt. Hadde dei kopla inn autopiloten og sovna på post? Det er ikkje høve til å gå for nær oljeinstallasjonane. Dei fastankra oljeriggane ligg plotta i karta, men flyteriggane er ikkje avmerkt. Sjølv om vi heldt god avstand, høyrde vi aktiviteten om bord. For mange kan havsegling verke aude. Ja, havlandskapet har få landskapselement, men nærleiken til vatn, vind, lys, lyd, krefter, former, rom og tid blir forsterka og realistiske. Ein må berre ta imot, sanse, og føle ein er i eitt med naturen. Då dei elegante spekkhoggarane helsa oss frå kloss hald, var eg likevel glad det var stål mellom oss, og eg var i ein båt på 20 tonn. Havsuler og shetlandskråka eller storjoen var og med oss eit stykke på veg, men dei mest trufaste fuglane var likevel havhesten som leika seg i bølgjene. Dei kom, fòr, og heldt oppsyn med oss, som om dei var tilsett i kystvakta.
Havkryssing på halv åtte Førstereisgutane (jentene) hadde mindre ansvarsfullt arbeid på overfarten og kunne nytte salongen eller køyene om natta under overfarten. Berre køyene på sjøsida var brukbare om ein ikkje ville havne på golvet. I salongen kunne begge sofaene nyttast. Å ligge i den kraftige slingreduken var som å ligge i ei hengekøye, men å kome seg i køyene, var ei eiga akrobatisk øving når båten arbeidde seg framover mot havkreftene. Gyngande opp, ned og sidelengs på skarpe havbølgjer. Ikkje godt å vite i kva retning ein skal setje sjøbein då. Men rormennene var gode bølgjesurfarar når havet var på det urolegaste. Vinden kom frå nord og sjøstraumane vart kraftigare. Rormennene tok spenntak med eine foten og sikringslenkene måtte festast. Dette var seglas. Å stå til rors når sjøen piskar over seglbåten og du ikkje alltid rekk å dukke i ly under vasskjermen, er som å få eit slag i fjeset. Saltvatnet som smyg seg inn, renn frå kinna og nedover til det når støvlane. Det brukar bli betre når ein nærmar seg land, sa skipparen. Med ein snittfart på 8 knop fra Ytre Solund til Bresseysundet var det likevel verdt kampen. Innseglinga mot Lerwick hamn gikk for full motor og segl som bremsa meir enn dei ga fart. 40 knop stiv kuling rett imot, piskande regnver og eit opprørsk hav. Når ein tenkjer ein skal reve segl, skal ein gjere det og ikkje vente, meiner skipparen. Skipparen følgde ikkje intuisjonen denne gongen. Vind og ver skifter raskt, nokre timar frå land dreia vinden til nordvest, og genuaseglet skulle vore bytta med fokkseglet. I staden for å utsetje mannskapet for desse operasjonane i stiv kuling, kalkulerte skipperen med at vi likevel skulle klare å kome oss i le av Bressey. Hamnevesenet ba oss gå til gjestehamna, og her låg alt mange farkostar utanpå kvarandre i påvente av godt ver før dei kunne forlate Shetland. I den sterke vinden ville vi knust dei små båtane, så vi søkte hamn hjå Swan, den store solide treskuta som er ein attraksjon i Lerwick. Fleire kikkertar såg oss vel i hamn, fekk vi vite. Mellom anna nordmannen som driv den heimekoselege kafeen Havly, med åkle, klokkestreng og strameiputer, vaflar, lapskaus og kjøttkaker.
Seglarlivet Godt sikra med krysstau og gode landtau, vrengde vi av oss dei sjøtunge kleda. Ein kjærkomen middag var gudmor Wenche Dyrrdal sine hjortekjøttkaker. Til ankerdrammen kom mannskapet i aluminiumsbåten Imram ombord. Gutane frå Frankrike, Sveits og Nederland drog straks kjensel på Nirvana. Opplevingar frå fjorårets Svalbardekspedisjon vart utveksla og framtidige planar lufta. Å ligge jamsides andre båtar var sosialt og opplevelsesrikt. I Ålesundskuta Framstig gikk praten livleg. Den ombygde fiskeskuta har mange Shetlandsturar bak seg, og vi fekk ta del i historiane frå jordomseglinga på 80-talet. Medan mannskapet tok øyriket i augesyn nytta skippar Flem dagane til vedlikehald. Framstig kom i hamn ein time etter oss og måtte få reparert eit sundrive segl. Ein liten lekasje måtte tettast, vatn som piplar inn er svært irriterande. Iført dukkardrakt, trekte skipparen pusten og dukka. Å halde ei stor treskute i så god stand var imponerande for meg som jaktar på ein brukt plastbåt. Irane i Scilla Verna, var meir opptekne av å få veksla dei norske myntane sine enn å dele erfaringar frå segllivet. Også dei hadde vore på Svalbard samtidig med Nirvana, men hadde teke vinteropphald i Tromsø til liks med Imram, og var no på veg heim.
Første morgon i Lerwick måtte vi prøve engelsk frukost; pølser, bacon, egg og brune bønner med sandwich. Det vart med den eine gongen for meg. Rosinscons vart derimot min favoritt. Laga på den vesle kafeen der dei nytta ”juicy raisins”. Middagane på dei tre hotella i Lerwick kunne ikkje måle seg med skippar Giskeødegaard sine eksklusive båtrettar, men vinen var god.
Sjøsjuke Ingen likar å snakke om at dei vart sjøsjuke. Å vite at ein blir sjøsjuk og legge ut på havseglasar er likevel meir imponerande. Ein kan aldri vite. Når sjøsjuka først er kasta på deg, er det for seint å ta tablettar. Beste midlet mot sjøsjuke er å opphalde seg på dekk, sjå mot horisonten og bruke bekkenleddet med båten si rørsle slik at overkroppen er mest mogeleg roleg. Å stritte imot dei gyngande rørslene gjer gale verre. Oppheld ein seg i salongen må ein naturleg stritte imot for ikkje å bli slengd vegg imellom. Etter natteluren måtte eg på toalettet, vaska fjes og pussa tenner, det var ikkje lurt.
Om sjøsjuketablettar gjer sin misjon, har dei og sine biverknader. Dagen etter overfarten undra det meg at eg hadde vore så trøytt at eg var i drøymeland stadig vekk under overfarten. Sove kunne eg jo ikkje ha gjort då eg måtte halde meg fast og ta spenntak med eine foten for ikkje å skli over (ned) på motsett side, men eg fekk vite at når ein får hakeslepp, då søv ein. Dette var skremmande. På tilbaketuren vart det berre ein tablettar før avreise, og rasjonalisering med inntak av drikke for meg. Ein eldre Bergensar i ei seglførande fiskeskøyte frå Eivindvik, var så plaga av sjøsjuke at han hadde kjøpt balansebrett av den tyske psykologen Thomas Bickhardt ved Stadthavet. På sjøsjukekurset var han lova at det skulle kurere sjøsjuke, og skuta reiste vidare mot Grønland.
Kultur Dagane vart fylt med utflukter. Det golde, trelause landskapet var variert med sine over 100 øyar og rike flora. Dei bratte klippene ved Sunburgh Head ga naturleg vern for koloniar av hekkande fugl. Utan utskiftbar telelinse var det ei lukke at lundefuglane ikkje var redde for menneske. Her finn ein den naturlege læreboka om sjøfuglar.
På museet i Scalloway var historia til Shetlandsfararane under krigen dokumentert. Museet vart drive av eldre damer som selde heimespøta plagg av Shetlandsull frå dei mange beitande sauene. I ein glasmonter låg ein bunad, maken til den eg hadde brukt som barn. Bunaden var ei gåve til eit barnebarn på Shetland, frå ein bestefar i Noreg. I Scalloway var det og reist eit monumentet over dei som omkom i dei farefulle overfartane, i stummande mørke.
Dei fleste hus er naturleg nok bygde i stein på dei trelause øyane. Shetland er rik på kulturskattar og har fleire gamle bygningar frå ulike tidsepokar. Sør på hovudøya tok vi oss god tid ved ruinane på Jarlshof. Anlegget her rommar funn frå dei første som slo seg ned her for 5-6000 år sidan. Nyare utgravingar avdekka fleire epokar som ligg side om side. Bronse- og jernalderkonstruksjonar, borger, hjulhus, middelalderhus og langhusa bygde av norske vikingar som vart verande etter tokta. Både Shetland og Orkenøyane har tilhøyrt Noreg, men Shetland kom over på skotske hender som medgift i 1472.
Frå Lerwick til Leirvik Mange namn på Shetland har norsk opphav. Gatenamn som Breivik og kong Haralds gate, stadnamn som Sandwick, Sandness og Lerwick. Også språket har framleis islett av den nordiske tilknytninga frå vikingtida. Eldre folk nyttar gjerne uthus, gleggr (gluggar), windskew (vindskei) og ljora.
Høgtidsstemde som vi var av natur og kultur, vart det naturleg å retunere frå Lerwick og heim til Leirvik i Sogn, der Nirvana vart døypt i 2004. Ved innkjøp av ferske brød til overfarten, trefte eg kjenningar frå Sogndal. Dei var svært imponert over at eg, med ein trebåt frå Ornes båtbyggeri liggjande på land i fjøresteinane under huset vårt, hadde kryssa Nordsjøen i seglbåt. Seglklubben i Lerwick skreiv ut Nordsjøsertifikat til oss; ”modige seglarar som har kryssa den fryktsomme Nordsjøen, og for å ha kryssa 0-meridianen”. Og når eg les på nettet om den årlige Shetlandsregattaen fra Bergen, at den ”er av ytterst få regattaer her i landet som innebærer skikkelig havseilas”, kan eg vere kry av meg sjølv. Stolt blir eg først når eg kan stå til rors i sterk kuling. Takk for at eg fekk vere mannskap! Helsing Norunn England Bergum |